Mitt namn er Solveig Tuft, og eg er privatpraktiserende logoped i Bjørnafjorden kommune. Eg har praksis frå arbeid med både barn og vaksne, og lang erfaring som barnehagelærar og adjunkt frå Gol kommune, tidlegare Fusa kommune og Strandvik montessoriskule.
Våren 2022 fullførte eg masterstudiet i logopedi ved Universitetet i Bergen. I masteroppgåva, som eg skreiv saman med ein medstudent, gjennomførte me ein kvalitativ studie: «Hvordan engelskundervisingen på 1. trinn blir lagt til rette for elever med svake språkferdigheter». Denne vart publisert i «Utdanning» og i bladet «Spesialpedagogikk».
Hausten 2022 starta eg privat praksis som logoped, med base i Strandvik. Dersom det er behov for det, reiser eg gjerne ut til personar som treng logoped etter sjukdom eller skade, og som bur i Bjørnafjorden. I tillegg til privat praksis jobbar eg to dagar i veka som logoped ved Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT) i Samnanger kommune.
SERTIFISERING OG KURS:
LSVT LOUD: LSVT LOUD (Lee Silverman Voice Treatment) er ein intensiv, forskningsbasert stemmetreningsmetode som er spesielt utvikla for personar med Parkinson sjukdom. Ein må vere sertifisert for å bruke denne metoden.
Logos/Logometrica: Eit komplett testbatteri for å kartlegge leseferdigheit, diagnostisere dysleksi og utarbeide pedagogiske tiltak for den enkelte. Ein må vere sertifisert for å gjennomføre Logos.
«Oral Placement Theory / TalkTools» nivå 1 og 2: TalkTools er verktøy til bruk i metoden «Oral Placement Therapy» som blir brukt for å hjelpe barn med munnmotoriske vanskar, spise-, sikle og taleutfordringar..
Som medlem av Norsk Logopedlag følgjer eg dei yrkesetiske retningslinjene som gjeld for medlemmene der.
Målform: Nynorsk og bokmål.